Bergsøy vidare i cupen etter nimålsdrama mot Ørsta!

På Aurstad Arena i Ørsta på sjølvaste St.Patricks day, noko man feirar i Irland, så barka Ørsta og Bergsøy saman til duell om å kome seg til 2.kvalikrunde i cupen. Bergsøy opna kampen bra og skaffa seg to scoringar i starten. Fyrst var det Franjo Tepuric som blei spelt igjennom på kanten der han sette ballen i mål frå skrå vinkel via stolpen.

DSC_0150
Ballen snik seg inn via stolpen til 1-0!

Heimelaget kunne utlikna etter dette, men Petter Aasen redda med ei fin beinparade. Så var det Daniel Jøsok Kvalsvik som kunne auka for Bergsøy, men heimekeeperen var med på notane. Den andre scoringa til Bergsøy låg i lufta under flya som flaug over bana, og høgast over kunstgraset raga Espen Langlo Driveklepp like etter og stanga ballen i krysset til 2-0 for bortelaget etter omlag halvspelt omgang.

DSC_0184
Espen stig til værs og scorar til stor forskrekkelse for Ørsta-forsvararen!

Kanskje blei Bergsøy litt for trygge på at det skulle vere grei skuring derfrå og ut? For plutseleg hadde Ørsta scora to mål ved Knut Erik Myklebust og Simen Tømmerbakk! Ikkje nok med det, men Petter Aasen måtte også ut med ei skulderskade så Ruben Bjørlykke Storøy kom inn for han. Dermed gjekk laga til pause med 2-2.

Etter pause var det jamnt der Ørsta såg ut som laget som kom til å score fyrst. Men når man har ein slik ringrev av ein målscorar som Magnus Myklebust i rekkene så er det potensielt farleg kvar gong han får ballen rundt målfeltet til motstandaren. Ein liten feil skjedde i Ørsta sitt forsvar og plutseleg dukka Myklebust opp og gjorde 3-2. Like etterpå gjorde han også 4-2!

Magnus 1 mål
Myklebust set inn sitt fyrste for ettermiddagen.
Magnus andre mål
Den gamle LGFK, Hødd, LSK, Odd Grenland og Kongsvinger-spelaren set her inn sitt andre mål etter litt klassisk klabb og babb.

Etter dette kom duracellkanin og tidligere keeper Jakob Nerland inn for å jage på topp. Og det gjekk ikkje lenge før han fekk krangla til seg ballen på omlag 20 meter og hamra ballen i mål til 5-2!

dsc_0236.jpg
Jakob Nerland knalla til og scora flott!

Mot slutten fekk Ørsta to trøstescoringar der det siste etter rapportane var eit sjølvmål av Daniel Jøsok Kvalsvik. Men etter 4-5 scoringa bles dommaren i fløyta, og dermed er laget frå havgapet klare for 2.kvalikrunde til Cupen. Og når man på laget har ein som har vunne cupen med kanarigult, så er alle moglegheiter opne for Bergsøy!

Legg igjen en kommentar

Opprett en gratis blogg eller et nettsted på WordPress.com.

opp ↑