We never forget

6. februar 2016

Den siste lagoppstillinga.

I dag er det tid for ettertanke. For 58 år sida blei åtte spelarar brått tatt vekk. Roger Byrne, Geoffrey Bent, Tommy Taylor, David Pegg, Mark Jones, Eddie Coleman og Liam Whelan døde i krasjet. Medan Duncan Edwards den store, kjempa på sjukehuset i Munchen i ytterligare 14 daga. Men på min bursdag, den 21.februar måtte han også gi tapt. Ellers døde den tidlegare Citykeepren Frank Swift. I tillegg omkom Walter Crickmer, Tom Curry og Bert Whalley, som alle var en del av Manchester Uniteds støtteapparat. Åtte journalista, to i cabinstaben og to andre passasjerar – inkludert reisearrangøren – døde også. Totalt missa altså 23 av de 44 passasjerane ombord på flyet livet.

Ord blir fattige på slike dager. Då er det betre å lytte til ‘The Flowers of Manchester’.

På 50-års markeringa i 2008, så var det nabo City som var på besøk. Her kan du igjen sjå dei følelseslada minutta før avspark.

Bergsøy i pre-season!

28. januar 2016

21-120webmaster

Årets sesong for min moderklubb Bergsøy ser ut til verte spennande. Eg har sagt ja til å vere webmaster som bildet over syner. Vår nye coach Lars-Petter Rønnestad har fått flotte resultat med klubben før. Opprykk i 2009 og 2.plass bak Herd i 2010. Eg kom heim frå mediaskule i Dublin i 2010 og fekk vere med på det siste halve året hans. Det blei ein spanande innspurt der berre eit par feilskjær gjorde at vi ikkje klarte å karre oss forbi Herd som i all rettferd var suverene det året. Men vi slo dei 4-2 i siste heimekamp!

Så reiste Rønnestad til Hødd og trenarar kom og dro frå Bergsøy før kontinuitet blei sikra då Hugo Vicente tok over roret i tre år frå januar 2013 og ut fjorårets sesong. Av ein eller anna merkeleg grunn blei klubben, laget og spelarane utvikla samstundes med at resultata i serien blei svakare… Sånn er det i norsk 3.divisjon. Det svingar og mykje har med marginar å gjere.

At Rønnestad dro til Hødd var vel meir eller mindre heldig for min del sida han tok meg inn i Hødd-miljøet der eg fekk vere med å sette mitt stempel på mediadekninga av både Cuptriumfen i 2012 og turen til Kazakhstan i Europaliga-kvaliken. Samstundes med at eg laga stoff til dei aller fleste kampane i serien frå 2012-2014. Men no er vi gjenforent i Bergsøy igjen og det er mykje vi kan få til i Bergsøy.

Pre-season har kome godt igong med interessante spelarar på plass og fleire som kjem og viser seg fram. Denne veka er det eit par islendinger på plass for å vise seg fram og dei har gjort eit godt inntrykk. Som pådrivar av BergsøyTV tok eg ein prat med vår fysiske trenar Rafa Roldan Bermudez om spelarane sin fysiske tilstand og om hans forventningar. Det kan du sjå her!

På Rafa sin eigen blogg kan du også sjå ei oversetting av vår samtale. Om du ikkje kan blandinga av norsk, spansk og engelsk…

Årets fyrste treningskamp enda med ein heilt grei 7-2 siger mot Hareid. Høgdepunkta ser du i videobiletet under! Dei to siste måla til heimelaget fekk eg ikkje med grunna batteritrøbbel…

Til helga vert det nok ingen kamp grunna fare for storm og at Valder har trekt seg til kampen. Men noko fotball-aktivitet blir det nok. Når det gjeld måla for sesongen så er det i fyrste rekke 1.runde av NM og å kome blant dei fem beste for å unngå å havne i ein anna divisjon i 2017. Sjølv er eg forvirra av heile opplegget til NFF. Men slik er no det.

Eg har ambisjonar innen media så eg driv på med det her no så ser eg kva eg får til. Det er sommarjobbar å søke på og andre mediejobbar eg kan tenke meg. Men det er ein business som har vore prega av nedskjeringar dei seinare åra til min store frustrasjon. Men eg prøvar å vere tolmodig og ta sjansen når den ein gong kanskje dukkar opp.

God helg.

#LVGOUTNOW

26. januar 2016

louis-van-gaal-premier-league-manchester-united_3250574-1421137160Eg ser like skremt ut når eg ser MUFC for tida. Kan berre ikkje fatte at det går ann.

Hjertet mitt har fått nok av United under LVG. Synes ikkje det er kjekt å sjå United lenger. Då må trenaren gå. Så enkelt er det. Spelarane kan ikkje gå, vertfall ikkje alle på ein gong. Men det er fleire som ikkje er skikka til å spele for United heller. Høgresida mot Southampton på slutten var skrekkeleg. Skikkeleg Championsship-nivå på det heile.

Men det hjelper heller ikkje å selge så mykje spelarar frå denne stallen, utenom Fellaaaany som LVG seier. Her må det handlest kvalitet for å i det heile tatt gi oss ein sjanse i framtida. Men kor finn vi det når vi sannsynlegvis ikkje er i CL 16/17?

Skada på Luke Shaw hadde ingen rekna med. Den kosta oss dyrt, akkurat like mykje som eg egentlig trudde. For farta hans gjorde at vi konstant var ein trussel på venstresida. Dagleg Blind er berre ein ok stedfortredar der og egentleg berre heilt ok som midtstoppar. Han som Smalling slit når United vert satt under press. Eksempla på det er fks Arsenal og Crystal Palace borte. Gunners berre bles United av bana medan Palace hadde maks uflaks den flotte dagen seint i oktober. Midt mellom der møtte United eit City lag som lå lavt og satsa på 0-0. Då blei det også 0-0.

United før pause på Old Trafford sida slutten av september ser slik ut:

0-0, 0-0, 0-0, 0-0, 0-0, 0-0, 0-1, 0-0, 0-0, 0-0, 0-0.

Burde vere grunn til sparken den resultatrekka der.

For LVG sin treige fotball å betyr at United ikkje klarer å forflytte laget kjapt nok framover slik at stakkars Wayne Rooney ikkje har noko støtte i det heile tatt, sjølv om han også har sett betre dagar. Eg kan snakke mykje om både hunger, mangel på aggresivitet og speleglede og alt sånn. Men reint system og taktikkmessig er United på ein heilt feil planet i forhold til kva som fungerar og skal fungere. Spelarane er enten for dårlige til systemet eller så er systemet for elendig for spelarane. Eg trur på det siste. Dette er LVG sitt ansvar i tillegg til alt det emosjonelle (Hunger, desire etc)

Ryan Giggs, interim manager of Manchester United

Men uansett kva eg skriv om laget så er det old news. No har eg fått nok. Eg går og barberar meg når det er ti minutt igjen av ein kamp og vi må ha mål. Er det normalt? Nei det har jo aldri skjedd før! Skal ikkje skje og det bør ikkje skje igjen. Men eg har jo ikkje trua på at vi scorar mål lenger. Kva er vitsen då? United må bli kvitt LVG-byrda, la Giggsy ta over for resten av sesongen så får klovnestyret prøve å overtale Guardiola eller å prøve seg på Tottenham sin eminente trenar som har gjort underverker der. Pocch har virkeleg gjort Tottenham til ein tittelkandidat. Men når det gjeld United så må ny frisk giv og entusiasme inn. LVG har maks 18 mnd igjen og då er det ikkje langsiktig uansett. Kvifor vente til alt håp er ute for litt suksess i 15/16?

Mykje blanda ball

24. juni 2014

Intervjuer Hugo Vicente og Jan Jønsson foran cupkampen i Fosnavåg.

Intervjuer Bergsøy sin trenar Hugo Vicente og Jan Jønsson foran cupkampen i Fosnavåg.

Kom plutseleg på at eg har ein blogg. Denne har som regel dreia seg om engelsk fotball og i særskild grad mitt lag Manchester United. Men sida eg har jobba med Hødd og Bergsøy dei siste åra og har andre prosjekt på gong, så tenkte eg til å utvide denne til å handle om rett og slett mitt liv innenfor fotballen. For det er jo så mykje som skjer. Frå å vere på plass i Kazakhstan på Hødd’s bisarre bortetur i Europa League og til Bergsøy sin kampar via England og famøse møter med fotballstjerner frå ymse plassar. Mest gamle fotballstjerner men dog…

Ser også at eg ikkje har skrive noko sida starten av februar. Men det har eg lyst å gjere noko med no. Flytta til Oslo i god tru på at det skulle vere lettare å få seg jobb dersom eg kunne dukke opp hos potensielle arbeidsgivarar og presentere meg sjølv. Men så feil kan man ta. Skal ikkje gå i detalj og navngi mottakere av mine forespørsla, men berre det å få møte ein sjef å gi eit godt inntrykk er inni hampen vanskelegare enn det burde vore!

Så sida februar har eg nytta ein del tid på å lage fotballfilmar. Eg elskar å drive med slikt detaljarbeid og tenkte eg skulle poste nokren av dei her. Du finn sjølvsagt alle mine filmar på min Youtube-kanal. Så har eg ikkje vore på tur til England fordi eg har brukt pengane på å bu i Oslo, men skal no straks heimover til Sunnmøre, så det kan jo hende eg finn noko billigare enn det eg har i Oslo. Så har også David Moyes fått sparken, Giggs har lagt opp og Van Gaal har blitt ny manager for United. Samstundes var det rart å oppleve at Liverpool og Manchester City kjempa om gullet på siste dag. Litt letta for at Liverpool ikkje vant, samtidig ikkje glad for at City vant. Men sånn er det.

Tok det igrunn ganske tungt at Giggsy la opp. Så eg mekka saman ein tribute til han. Den ser du under!

Tok jo turen heimover etter påske for å overvære Bergsøy sin heimekamp mot Aafk. Det var kjekt å få snakke mykje fotball med Jan Jønsson. Det er ein dyktig kar som ikkje har dei lettaste kåra i den oransjeblå-klubben. Under ser du minutta før avspark på Havila Stadion Fosnavåg mellom BIL og Aafk!

Kan jo også avslutte denne posten med ein video om Bergsøy når eg fyrst er igong. Tok å samla litt klipp frå alle verdens kantar og enda opp med ein fin liten stemningsvideo som Hugo Vicente & co godt kan nytte foran kampar. For det kan trengast…

Kjem til å poste regelmessig framover. Vert sjølvsagt meir inspirert om ei og anna sjel kan gi ei tilbakemelding på om bloggen er kjekk eller rett og slett dørgande kjedeleg!

Ha ein strålande VM-aften! Heia Fotball!

Operasjon United!

8. januar 2014

Som Unitedsupporter er det aldri snakk om å legge seg ned, men å halde flagget høgt heva uansett kva som skjer!

Som Unitedsupporter er det aldri snakk om å legge seg ned, men å halde flagget høgt heva uansett kva som skjer!

Det storma rundt vår manager for tida. Hadde heller ikkje trudd at det skulle gå smertefritt etter at tidenes manager ga seg. Føler at eg må skrive nokre velvalte ord rundt dette. Eg er ein stolt supporter av MUFC som støtta klubben i tjukt og tynt, men som også støtta Moyes, slik alle dei ekte supporterne gjer. Det kjennes godt! Sånn er det berre. Klubben fungera berre slik for meg. Veit ikkje noke anna. Hadde ikkje følt meg som ein skikkeleg supportar om eg ville ha Moyes vekk no. Er det å gi support? Men ja, folk som bryr seg om sin klubb, har lov å seie at dei vil ha manageren vekk. Men ikkje eg. Endå…

Meina ikkje at det kun er ekte supportere som støtter Moyes, men at eg synes man skal støtte klubbens og Fergusons valg av manager. Gi mannen en sjanse.

Eg er heilt sikker på at ting vert betre og at Moyes ikkje får sparken. For ein galskap det hadde vore! Moyes står heller ikkje i fare for å få sparken. Det skal så mykje meir til. Sjølv om Glazers er der og eigarskapet i klubben no er ikkje det same som då SAF styrte skuta då det storma som verst i 1989. United reise seg, vent og sjå! Med Moyes ved roret! Moyes er ein bra manager som har gjort mykje bra, og man må nesten sjå litt lenger enn nokre resultat og litt dårleg spel.

Moyes smilar etter Community Shield i august!

Moyes smilar etter Community Shield i august!

Dei fleste United-supportarar, spesielt unge, har aldri opplevd motgang. Då er det vanskeleg å stå bak manageren, også i tyngre tider som vi oppleve no. Ta det som ein mann!

Ein av fleire faktora som gjer at United no ser ut som eit lag som fortjena å ligge på 7.plass, er stallen. Folk seie at Moyes berre skal føre eit mesterlag vidare til nye høgder. Men sånn som fotballen har utvikla seg dei siste åra, så har ikkje United fulgt godt nok med i timen og har stolt for mykje på sine lokale krefter som Cleverley og Welbeck. Det har tidvis fungert også, pga Sir Alex Ferguson.

Kjøpet av RVP var selfølgeleg avgjerande for at United vant gull i fjor. Men også fordi at City var unormalt svake og kjøpte feil. Samma med Chelsea. Dei forsterka ikkje laget. Slik som United  heller ikkje gjorde sommaren 2013! MUFC kjøpte Fellaini!!

Håret og manager Moyes.

Håret og manager Moyes.

Moyes har nå ein stall til rådigheit som ikkje er bra nok. Og med tanke på store skadeproblem so meina eg at Moyes faktisk ikkje har gjort det så dårleg!

Når eg ser på stallen nå så burde Ferguson kanskje hjulpe Moyes litt ved å kjøpe den midtbanespelaren som hadde fått maskineriet til å gå som smurt. Men trur rett og slett ikkje at det har vore mogleg for Fergie å kvitte seg med nokon. Ein som Anderson virkar som han har tegna livstidskontrakt i klubben, han er der, men fe uansett ikkje spele. Her synes eg det er merkeleg at han er i klubben om han ikkje er god nok. Moyes må ta den store opprydninga og nettopp at akkurat denne sesongen har vore problemfylt for Moyes skal eg prøve å forklare litt nærare.

Tre spelara i forsvarsleddet må snart ut permanent. Ikkje fordi eg vil ha dei vekk, men tid og alder tek igjen alle.

Patrice Evra – Tapt seg mykje på alt. Byrja å dra på åra og har ei kontrakt som går ut til sommeren, kan fort hende han forsvinner.

Nemanja Vidic – Han har vilje, men har også tapt seg mykje siste året. Blir parkert av fleire. Og det at vi har tapt fem av dei seks tapa med Vidic frå start kan ikkje vere tilfeldig. Her også går kontrakta ut ved sommaren. Kan maks bli eit år til.

Rio Ferdinand – No synes eg det er trist å sjå han spele fotball. Trur nok at Moyes har brukt Evans og Smalling meir pga den snu-operasjonen han er inne i. At det er betre å la dei unge få utvikle seg enn at ein gammal slitar skal bruke opp batteria på rullatoren sin der bak. Det som er merksnodigt er at han var god i fjor. Eg var tilstades då han banka inn goalen foran Stretford End i mai. Men denne sesongen har han plutseleg virka enda treigare, ukonsentrert og klomsete. Det har alle sett! Kontrakta går ut til sommaren, han burde legge opp.

Og vips, om alle plutseleg skiftast ut, då he 3/4 delar av suksessforsvaret fordufta!

Så her må det handlast! Skulle gjerne fått inn Shaw og Hummels i tillegg til å dyrke Jones der bak! Stabilitet i forsvaret er særs viktig for at framtidig suksess skal skapast!

Og det at billige mål har blitt sluppe inn fordi at forsvaret er ustabilt, må nesten SAF også ta på si kappe. Men igjen, vanskeleg for Fergie å bryte opp dette. Smalling er tenkt for framtida, men har slitt med nivået har det sett ut som. Han er vertfall ingen back!

David Moyes skal bygge eit lag. Dei tre vise menn i forsvaret er på hell.  På midten så har Carrick slitt med skader og er vel 32 år. Det at Fletcher har fått kome inn på laget fortel vel meir om resten av laget. Cleverley som på fritida sikkert er meir opptatt av å ha kul sveis, har ikkje hatt nokon progresjon. Anderson? Ein som kanskje kunne ha bidratt med fart og kreative stikkere frå midten, vert heilt oversett. Nani og Young viser ikkje godt nok nivå. Valencia gjer det til tider når han har Rafael bak seg. Så situasjonen er egentleg litt prekær. Eg er sikker på at Moyes vil forandre på dette og bygge seg sitt eige suksesslag. Ingen må snakke om kjøpelag siden alle nevnte utenom Fletcher og Cleverley også er kjøpt.

Moyes MÅ få tid. Må få lov å gå dårlig før det går bra! Supportere må klare å innsjå at det som for ikkje lenge sida var eit fantastisk lag, no byrja å eldes uten opprustning. Den jobben har David Moyes fått servert av SAF.

Ferguson har også gjort kjøp som ikke helt har slått til. Men Fellaini passa nok ikke inn i United. Eg trur at Moyes har sett at vi har problem på midten og at han har prøvd å hente forsterkninga. Men det har vist seg å vere vanskeleg. Takk skal du ha Ed Woodward!

Kunne Fergie i underbevisstheita tenkt akkurat dette?

Kunne Fergie i underbevisstheita tenkt akkurat dette?

United har aldri erstatta Ronaldo med skikkeleg magi. United har klart seg fordi Ferguson har vore manager. Også fordi laget akkurat har vore godt nok, samstundes med at City som sagt ikkje forsterka sitt mesterlag i 2012.

Kva er det Ed Woodward er i stand til? Har nokon hørt han snakke? Kan han snakke? Forhandle? Gjenstår å sjå…

Etter seks strake sigrar mot relativ enkel motstand så kom optimismen tilbake. Topplaga tok poeng frå kvarandre og det gjorde at United kom litt nærare. Så kom Spurs-kampen. Og til forskjell frå Everton og Newcastle-kampane, der laget ikkje var i stand til å prøve mot slutten sjølv om man bere var eit mål under, så var det til slutt uflaks som gjorde at Spurs vann. So litt framgang der vertfall!

Moyes var ikkje blid mot Spurs. Heilt til han kom på noko viktig!

Moyes var ikkje blid mot Spurs. Heilt til han kom på noko viktig!

Mot slutten av desember har skadene kome like tett som snøven i New York, og når Rooney og Van Persie er ute samtidig, seie det seg sjølv at det vert problematisk å score. Men eg veit at United vil klare å snu dette, sjølv om tre tap etter nyttår er første gang sidan 30-talet.

Laget må fornyast, då er det synd for Moyes og United at det må skje same sesong som Ferguson og Gill ga seg i klubben.

Altså, no må for f*** folk våkne opp og ta ein realitycheck! He vi opplevd motgang anna enn nokre sure cuptap og ligatap på målstreken? Nei. Har det vore motgang i 13/14? Isolert sett tja. 7.plass er ikkje bra. Men gruppevinnar i CL, største bortesiger i Uniteds CL-historie og ligacupsemi er ikkje verst. At vi er ute av Fa Cupen er ikkje noko nytt. Kun ligaplassen er litt ute av kurs, men det er kun fem poeng til 4.plass.

Ta det som ein mann og slutt å klag! kan garantere frå kilder innad på Carrington at det jobbes brennhardt for å snu skuta. Suksess kan man ikkje ta for gitt! Skal ikkje vere for frekk, men synes det er morsomt å høre på unge fans som trur United kan og bør feie over kven som helst, når som helst fordi man er Manchester United. Men slik er det ikkje.

Eg elskar Manchester United Football Club kanskje meir enn nokon gong!

Til slutt ei melding til David Moyes:

Du har ein særs stor operasjon å utføre! Lykke til!

The story continues...

The story continues…