Ny United Nights suksess!

Godt nøgde med årets United Nights! Vi ser fram til neste år!

Då var United Nights 2012 unnagjort og eg sit igjen med masse fantastiske og unike minner. Brian McClair og Ronny Johnsen var nye innslag for året med Pete Boyle og David May som obligatoriske.

Fredagen kl.15.58 henta vi dei på Hovden flyplass i Ørsta. Gutta var i fin form og satte stor pris på å kome tilbake til Sunnmøre.

Johnsen og Boyle i godt humør i bilen på vei til Fosnavåg.

Vel framme i Fosnavåg møtte vi representantar frå Bergsøy for ein prat i tillegg til litt frukt, kaffi, brus og pizza 😀

Her er vi på plass på Havila Stadion Fosnavåg. David May framleis ikkje ferdig med pizzaen like før oppvarminga… Foto: Geir Egil Olsen

Linjemenn blei skaffa i siste liten, draktene var klare med nye sponsortrykk frå fjoråret og vi stakk etter mykje om og men på oppvarming. Men kanskje er å kalle det passiv oppvarming det mest passande…

Pete vinkar til publikum før avspark. Foto: Ola Ottar Høgstadvoll
David May hilsar på dommar Magne Krumsvik. Foto: Ola Ottar Høgstadvoll
Ronny – ‘Tar du frisparket Choccy?’ Brian – ‘Yeah and I will score’ Faktisk så scoret United XI på frisparket etter ein retur.  Foto: Ola Ottar Høgstadvoll
Ronny er fremdeles i god form og fossa framover kvar gong han hadde sjansen. Foto: Ola Ottar Høgstadvoll
United XI 2012! Foto: Ola Ottar Høgstadvoll

Kampen endte med 5-3 siger for United XI etter at Hødds venstreback for det meste av året, Ruben Kenneth Brandal scora eit mål, Høddlegenden Geir Televik satte eit, medan Larsnes/Gursken spelaren Preben Sætre scora tre mål. Pete Boyle og Ronny Johnsen hadde også kvar sin store sjanse for United, men begge bomma på mål. Men det blei uansett revansje for nederlaget i 2011.

VIDEO FRÅ KAMPEN KAN DU SJÅ HER!

Etter kampen gjorde vi oss klare for sponsortreff der vi koste oss med god mat og drikke. Pete var i showhumør og vekka litt oppsikt med kostymet han fant. Etter at dette treffet kom til slutten, drog vi vidare til Fosnavåg Brygge.

Det blei ein fantastisk kveld. Gutta storkoste seg vertfall i Fosnavåg.

Bildet fortel vel meir enn ord.

Laurdagen dro gjengen til Ulsteinvik og Høddvoll. Hødd er jo som kjent i vinden for tida med  Cupfinalen mot Tromsø i vente. Kjekt for meg også som er Hødd-tv mann 😀

Vi fekk servert lunch. Biff Stroganoff og litt kaninfor til Pete. Det blei også tid til å sjekke eit utkast av den nyeste videoen til Fatty Sunroad, som jo har meg og Aleksander Goksøyr som tunge bidragsytere. Og gutta syntes denne var morsom… Det blei også litt tid til å sjekke ungdomsarbeidet til Hødd som jo er interessant for Brian McClair.

Vi møtte Høddlegenda Andrè Nevstad. Foto: Arne Flatin
Lunchlaget 2012 på Høddvoll. Foto: Arne Flatin

Etter lunchen stakk vi rett til Ålesund for å innkvartere oss på hotellet. Så dro vi til ein pub for å konsumere nokre øl. Deretter gjekk turen til eit fullpakka Toldboden. Her var folk i god stemning og det var berre for meg som konferansier og introdusere gjestane våre. Men før eg i det heile tatt fekk sjansen, so hadde Pete Boyle vært på scena i lengre tid og tatt scena med storm. Fansen responderte og stemninga gjekk rett i taket. Men eg fekk tilslutt mikrofonen og kunne rope opp gutta ein etter ein.

Stemninga stig like før at gutta blir henta opp på scena. Foto: Munited Ålesund
Ronny deler historier. Foto: Munited Ålesund

Noe av det eg kan hugse frå kvelden var mitt intervju med Brian McClair. Eg spurde han kva var det verste han hadde opplevd på tur i United-regi. Svaret var: Meeting you! 😀

Det førte til at stemninga gikk over til stormande latter og eg blei vel ikkje akkurat fornerma av Choccys lune, tørre og fantastisk vittige humor!

Me: Whats the worst memory from a United trip? Brian: Meeting you! Haha.
Henning Mathisen, meg og Kjell Runar Karlsen var glade og litt slitne arrangørar av United Nights 2012!

Kvelden gjekk seinare til Bocca. Og det blei seint. What happens on tour, stays on tour. Eller vertfall det meste av det 😀

Choccy i fin form søndag. Alle lurte også på kva han hadde i bagen han hadde med seg heile tida. Foto: Aleksander Goksøyr
Det var faktisk ikkje lett å få dei til å reise. Men det gikk akkurat. Her hentar taxien dei til flyplassen. Foto: Aleksander Goksøyr

Så då er det vel berre å takke for at alt gjekk bra og eg ser fram til ei ny runde i 2013! 😀

Legg igjen en kommentar

Blogg på WordPress.com.

opp ↑