Klart for krig!

27. januar 2012

Patrice Evra vil garantert få ufortjent pepper frå Liverpoolsupporterane imorga... Her prøva han å fjerne ballongar i 2009.

Det blei møte ifjor i cupen, då vant United 1-0 etter eit mål frå Ryan Giggs på straffe, ei straffe som var svært billig idømt. Og eg hadde faktisk trudd at det skulle bli ei stund til neste gong. Men neida, ikkje før har United eliminert City i 3.runde, så dukka Liverpool sitt nummer opp på kula som blei trukke opp av bollen på Wembley. Dermed nytt møte i 4.runde, akkurat som i 1999. Då vant United 2-1 etter to seine mål frå Dwight Yorke og Ole Gunnar Solskjaer. Those were the times… :D

Kven kan gløyme Eric Cantonas mål i Fa Cup-finalen mot Liverpool i 1996. Sist Liverpool var på Wembley…

Laga møttes sist i oktober, då blei det 1-1 etter mål fra Stevie Me og Javier Hernandez. Men det hugsar nesten ingen. Det alle hugsar er episoda mellom Luiz Suarez og Pat Evra. ALLE kjenner til den historia, så det treng eg ikkje å gå inn på. Annet enn at Liverpools fornekting og skuldinga på Evra og FA vil få akkurat denne kampen til å nå nye høgder når det gjeld temperatur. Nesten så det er synd at Suarez er utestengd. Men det får vente til eg er ringside på Old Trafford 11.feb…

Suarez: N****, N****, N****. Evra: W**??? Dette er episoda som garantert får gjenklang imorga...

Så slik er det med den saka… Dette er den største kampen. Eg meina at eg kjenne det mykje meir enn når United møte City, fordi City ikkje har vore en direkte konkurrent lenge nok. Sjølv om rollene deira er omvendte akkurat nå. Så merker eg at det ikkje er lenge til kamp mot den største rivalen. United har også ei stinkande formkurve på Anfield dei siste fire åra, men haustens uavgjort kan vere starten på ei god periode… Eg berre ber om at gutta møter opp med hjertet utanpå drakta. For det har også vore ganske labert det som har vore vist på Anfield dei siste åra i innsats også. Og det er ikkje godt nok. Skulle vi ryke, så klager eg ikkje om innsatsen har vore på topp!

God Helg!

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 137 andre følgere