17 år siden Kung Fu-sparket!

25. januar 2012

For 17 år siden sparket kong Eric til ein tilskuar. Her er han blant publikum i en annen kamp mot Chelsea i desember 95.

Eg hugsar det veldig godt. Eg var ikkje meir enn 9 år, men satt i senga og skulle sjå tv2-sporten før sovetid. Her kom resultata frå Premier League og reporteren sa at Cantona hadde gått til angrep på ein tilskuar i kampen som endte 1-1 etter mål frå min gode venn David May og Gareth Southgate. Eg blei trist, men var ikkje klar over galskapen før eg fekk sett det neste dag…

Her får Matthew Simmons verkeleg smake Cantonas vrede etter sine fornærmingar mot Cantona og hans familie...

Det var ikkje akkurat betre enn eg frykta. Det var så gale at eg ikkje heilt trudde på det. Cantona var og er framleis ein helt for for meg og for alle andre Manchester United-fans. På United.no kan du lese kva avisene skreiv den gongen.

For det som skjedde på Selhurst Park denne kvelden for 17 år sidan var at etter at han hadde blitt utvist, så sprang ein Crystal Palace-hooligan heilt ned til banen og håna franskmannen. Kong Eric oppfatta dette og endra gange til løp og akselererte idet han nærma seg tilskuerne. Hooliganen fortsatte å håne Cantona. Og i sin naivitet trudde han at reklameskiltet beskytta ham frå United-spilleren, samtidig som han trudde at ingen, sjølv ikkje Cantona, kunne våge å gyve laust på en tilskuer. Dessuten var det nesten fysisk umulig å nå ham, der han stod.

Men i kunstnerisk Kung Fu-stil, kombinert med grasiøs og atletisk spenst, hoppa Cantona over skiltet og planta begge beina i brystkassa på ein sjokkert Simmons. Cantonas si utføring var vakkert utført i all sin voldelighet. Under ser du angrepet hans akkompagnert av litt passande musikk :D

I 2001 blei han intervjua på fransk tv og fekk skikkeleg tyn frå journalister. Men då tok han igjen og både dei og paven? fekk høre det. Sjå det fantastiske opptrinnet under med kanskje litt upresis oversetting… Cantona var vertfall ikkje lei seg etter hendelsa på Selhurst Park, og han er vel framleis ikkje lei seg for hendinga. Og eg hadde heller ikkje vore det :D

Franskmannen ble utestengt fra all fotball i ni måneder etter angrepet på supporteren.

Cantona kom med en enkel uttalelse til pressen etter at han fikk utestengelsen:

«When seagulls follow a trawler, it is because they think sardines will be thrown into the sea.»

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 137 andre følgere