En god gammel klassiker!
20. januar 2012

Dette synet er eit klassisk eksempel på korleis tilstanden var mellom Arsenal og United før. Slik er det ikkje lenger...
Med Roy Keane og Patrick Vieira involvert i slagene mellom United og Arsenal i nesten ti år fra midten av 90-tallet til 2005 var det noko heilt spesielt med desse kampane. Kven kan gløyme ‘Pizzagate’, krigen mellom Keown og Van Nistelrooy og ikkje minst Henrys fantastiske mål mot United i oktober 2000?
Sånn er det ikkje heilt lenger og det er litt synd. Profilane er der enda, men ikkje i samme grad som før. Det er hvertfall min mening. Men at det blir en god kamp, det er ganske sikkert!
Vel, under har eg samla nokre fantastiske øyeblikk frå Arsenals gode gamle heimebane Highbury. Personlig savna eg Highbury
Eit klassisk oppgjer frå 1978!!
9.nov 1997 møttes laga til eit av dei første klassiske oppgjera frå 90-tallet. Arsenal med en ung Nicolas Anelka scora først, før Patrick Vieira auka leiinga. Så slo Teddy Sheringam tilbake med eit par mål før Manchester Citys noverande trenar David Platt avgjorde kampen. Sit back and enjoy!
16.april 2003 kom United til Highbury og ville få overtaket om ligagullet med eit positivt resultat. Ruud Van Nistelrooy gjorde 1-0 før Arsenal snudde kampen med Henry før Giggs utligna. Dette er også ein av dei beste kampane eg har sett.
1.februar 2005 møttes laga til det som har blitt en klassisk fotballkamp! Det heile starta i utanfor garderoba mellom Gary Neville og Patrick Vieira og det syntes ikkje Roy Keane noke om… Her tar det heilt av med Ronaldo, Giggs, O’Shea for United med mål av Vieira og Bergkamp for Arsenal! Good times!
Og sist men ikkje minst, her er Thierry Henrys fantastiske goal frå 1.oktober 2000
Så kan eg bare nevne i forbifarten at Manchester City og Tottenham møtes tidlig søndag, så det er en dag å sjå fram mot
God helg!